Tenester

Programmering

Applikasjonsutvikling

Dersom du har behov for å utvikle ein skreddarsydd applikasjon, kan Programmator hjelpe deg. Vi har erfaring frå forsikring, energi, helse, landbruk og dagleghandel, men vi handterer alle bransjar. Du vil stille med ein produkteigar, som har god forretningskjennskap til problemet som skal løysast, og som vil foreta alle produktmessige avgjersler i utviklingsløpet. Våre konsulentar har over 10 års erfaring med utvikling av både webapplikasjonar og Windows-applikasjonar på Microsoft .NET-plattformen. Vi er fleksible på teknologi, og kan levere på andre operativsystem og med andre programmeringsspråk også. Vi har eit nettverk av lokale konsulentar som vi kan trekke inn om nødvendig, slik at vi kan ta ansvaret for både store og små leveransar. Vår utviklingsprosess kan kjenneteiknast ved:

    • smidig utvikling
    • prioritering av det som har størst nytteverdi, for å unngå unødvendig omfang og kostnad
    • detaljorientert, for å unngå feil på alle nivå
    • automatisert testing, for effektiv kvalitetssikring
    • hyppige leveransar og korte feedback-sløyfer

Mobil utvikling

Tendensen i dag er heilt klart at stadig fleire har websider og applikasjonar som fungerer bra på PC, men ingenting å tilby brukarar som av ulike årsaker har behov for å bruke systemet frå mobiltelefon eller nettbrett. Det finst mange måtar å rette opp dette, som vist her, sortert etter kompleksitet og kostnad:

  1. Mobilvenleg webapplikasjon. Ved hjelp av responsive design har det no blitt enkelt å formatere websider pent på ulike skjermstorleikar, og med jQuery Mobile kan ein lett tilpasse mobile websider til fingerstyrt bruk. I tillegg gjev HTML5 sitt inntog i nettlesarane ein del moglegheiter.
  2. Hybrid mobilapplikasjon. Ved å bruke eit rammeverk som PhoneGap eller MonoTouch er det mogleg å lage ein applikasjon som kan brukast på dei fleste mobile plattformer, og som likevel kan utnytte mobilteknologi som kamera, GPS, etc.
  3. Skreddarsydd mobilapplikasjon. Gjer det mogleg å utnytte telefonen fullt ut, men skal ein støtte fleire plattformer må ein utvikle fleire applikasjonar.

Integrasjon

På 90-talet var det ein gullalder for utvikling av store, sjølvstendige produkt som kunne løyse alle slags behov i alle bransjar. Sidan har fokus i stor grad vore å få desse systema til å fungere bra saman. Eit typisk tilfelle var eit norsk energiselskap som hadde identifisert 17 separate stader der ein kunde si adresse vart lagra.

Alle integrasjonsprosjekt er unike, fordi det finst så mange kombinasjonar av IT-system som er i bruk i ulike selskap, fordi integrasjon mellom mange system krev ei anna løysing enn enkle integrasjonsprosjekt, og fordi det varierer i kor stor grad dei ulike systema er tilrettelagt for integrasjon. I enkle prosjekt kan ei grei løysing vere å utvikle webtenester som les og skriv data til ein fagdatabase. I meir komplekse tilfelle kan det vere behov for mellomvare eller ein servicebuss, for å unngå å måtte lage tovegs integrasjon mellom samtlege system.

Det er vanskeleg å endre ein integrasjonskanal etter at den er introdusert, fordi minst to IT-system forventar at den er som den er. Difor set integrasjonsprosjekt særskilte krav til god planlegging og design, disiplinert endring og versjonering, funksjonell testing og volumtesting, samt god dokumentasjon.

SharePoint-utvikling

Microsoft SharePoint er eit usedvanleg utbreidd IT-system, med 125 millionar solgte lisensar. Det er også eit veldig omfattande system, langt meir enn berre eit CMS-system. Det varierer sjølvsagt i kor stor grad ei verksemd tek i bruk SharePoint, men mange brukar det som kjernen i sin interne IT-infrastruktur. SharePoint har ein komplett utviklingsplattform som er eit godt alternativ ved utvikling av interne administrative applikasjonar. Ved å benytte SharePoint har du ein del fordelar:

    • innebygd handtering av lister med data, organisert med eit rikt utval av datatypar
    • innebygde dokumentbibliotek
    • integrasjon med Office
    • felles «look & feel» på dine interne applikasjonar
    • felles plass å finne alle applikasjonane
    • søkefunksjon som omfattar alle dine interne data
    • innebygd autentisering og tilgangskontroll

Teknisk rådgjeving

Programmering er tilsynelatande enkelt, fordi det er lett å kome i gang, og heller ikkje så vanskeleg å lage ein enkel applikasjon. Men å skrive kode som skal kunne vedlikehaldast og utviklast vidare i mange år har alltid vore vanskeleg, og er det framleis. Det er lett å kome skeivt ut om du har eit uerfarent team.

Programmator sine konsulentar har over 10 års erfaring med programmering generelt, og Microsoft .NET spesielt. Vi har lang praktisk erfaring med systemarkitektur, objektorienterte prinsipp, design patterns, domenedreven design og automatisert testing.

Vi hjelper deg gjerne med å sørge for at teamet ditt er på rett veg mot vedlikehaldbar kode.

Ekstra kapasitet

Du har kanskje ein veletablert utviklingsorganisasjon, fleire erfarne teams og ein utviklingsprosess som fungerer. Du treng berre litt ekstra kapasitet i ein periode. Vi blir gjerne med inn i eit team for å ta unna arbeid, om det så er i startfasen av eit nytt prosjekt, i ein hektisk sluttspurt mot leveranse, eller i ein vedlikehaldsfase der det er fleire saker å ta fatt i enn teamet har kapasitet til på eiga hand. Vi kan fylle ulike roller i eit team:

    • programmering
    • feilsøking og feilretting
    • systemarkitektur og design
    • testing
    • teamleiing

Smidig coaching og prosessforbetring

Scrum

Smidige metodikkar, og Scrum spesielt, har blitt svært populære. Men ironisk nok er det krevande å ta i bruk ein lettvekts prosess som ikkje stiller så mange krav. Mange som hevdar å bruke Scrum køyrer i praksis ein prosess som stort sett er lik den fossefallsmetodikken dei alltid har køyrt, med store leveransar ein gong i året, detaljerte kravspesifikasjonar, kostbare testløp og kontrakter som ikkje er fleksible på innhald eller leveransedato.

Vi har erfaring med desse problemstillingane, og kan hjelpe deg med å ta nødvendige skritt mot ein smidigare prosess. Vi kan stille med Scrum Master til ditt team, eller vi kan gå inn som coach til eit eller fleire teams som allereie er oppe og går. Vi kan også kome inn som rådgjevar på utviklingsprosess og prosessforbetring.

Kanban

Sjølv ein metodikk som Scrum kan opplevast som for tung. Av og til gjev det ingen meining å skulle planlegge arbeid for dei neste vekene, til dømes i ein supportorganisasjon der arbeidet består i å handtere henvendelsar som kjem inn kontinuerleg. Men Kanban er ikkje berre ein enklare form for Scrum. Det er ein annleis metodikk som har eit mykje tydelegare fokus på god flyt, jevn verdiskaping og kontinuerleg prosessoptimalisering.

Det er ikkje nødvendig å velje mellom Scrum og Kanban. Ein kan plukke det beste frå begge metodikkane og køyre ein kombinasjon. Vi hjelper deg gjerne med å få dette til, og oppnå høgare produktivitet i utviklingsavdelinga di.

Automatisert testing

Automatisert testing handlar sjølvsagt om å spare kostnader, men det handlar like mykje om å effektivt kunne kvalitetssikre produktet ditt dag for dag, eller jamvel minutt for minutt. Dessutan gjev det utviklarane dine eit sikkerheitsnett som gjer at dei tør å foreta risikabelt, men nødvendig, vedlikehald i koden.

Det er mange fallgruver ved automatisert testing. Testane har ein kostnad, både ved at dei skal utviklast, men også at ein stadig voksande testmengde skal vedlikehaldast i takt med forretningskoden. Det er ein kunst å utvikle automatiserte testar som gjev høgare nytteverdi enn kostnad. Vi har solid erfaring med testautomatisering, og kjenner godt til best practices, patterns og anti-patterns.

Vi hjelper deg gjerne med rådgjeving rundt dette, eller med hands-on utvikling av automatiserte testar.

Kontinuerleg integrasjon

Testautomatisering er kanskje det viktigaste steget for å korte ned feedback-sløyfa ved programmering. Men neste steg er å sørge for å utnytte verdien som alle testane kan gje. Kontinuerleg integrasjon vil seie at så snart ein utviklar har sjekka inn kode, blir dette automatisk bygd på ei eiga maskin, saman med siste versjon av kode frå alle andre utviklarane. Deretter blir alle dei automatiserte testane køyrd. I tillegg kan det bli bygd installasjonspakkar og dokumentasjon, og dette kan bli lagt ut for umiddelbar nedlasting av kundar. Eller web-applikasjonar kan bli automatisk oppdatert. Dersom det skjer ein feil ein eller annan plass i prosessen, vil dei som sist sjekka inn kode umiddelbart få beskjed. Det vil i dei fleste tilfellene vere opplagt kva som er feil, eller i det minste kor feilen ligg. Samanlikne dette med å integrere kode ein gong i året, køyre lange testløp, logge hundrevis av feil, skaffe ressursar til å rette koden, finne ut kor feilen er, finne ut kva koden er meint å gjere, bygge ny versjon, reteste, etc.

Vi har erfaring med å setje opp kontinuerleg integrasjon og automatisert testing i eit miljø med 10 separate utviklingsgreiner, på 4 byggemaskiner som køyrde JetBrains TeamCity.

Jobb

Vår filosofi


Programmator er eit programvarefirma utanom det vanlege. Vi som står bak brenn for programmering. Det å drive forretning er viktig, men sekundært. Målet vårt er ikkje vekst, men at vi får arbeide med interessante problemstillingar og at vi trivst på jobb. Så langt har vi lukkast med det.

Vi vil likevel gjerne ha med fleire. Det mest gjevande vi veit er å arbeide saman med smarte menneske. Difor vil vi gjerne bygge opp eit miljø for dei som er entusiastiske til programmering, og som ynskjer ein arbeidsplass der dei får fokusere på dette, med minst mogleg forstyrrelsar og byråkrati.

Vår filosofi er i stor grad inspirert av Fog Creek Software og boka Peopleware. Det handlar om å ha dei beste arbeidsforholda, tiltrekke seg dei flinkaste programmerarane, og leve av å lage solid programvare effektivt.

Utviklarar ynskjer å kunne kjøpe inn utstyr, programvare og bøker utan å føle at ein heile tida må søke om det. Dei ynskjer å ha innflytelse over kva slags oppgåver dei skal ha. Dei vil gjerne ha tid til å lære seg ny teknologi og kunne bruke dette i jobben. Og ikkje minst ynskjer dei å arbeide saman med andre som er like dyktige.

Ledig stilling

Kjenner du deg igjen i beskrivelsen av vår filosofi og har venta på ein slik arbeidsplass i Trondheim? Då vil vi gjerne ha deg med.

Du:

    • er lidenskapeleg oppteken av programmering
    • har evne til å levere god programvare raskt
    • arbeider godt både på eiga hand og saman med andre
    • har lyst til å vere med og bygge opp eit fagmiljø i Trondheim

I Programmator:

    • får du arbeide med det du likar best
    • får du tilgang til det du treng for å trivast på jobb
    • får du anledning til å utvikle deg vidare
    • vil du spele ei viktig rolle i utviklinga av firmaet og fagmiljøet

Ta kontakt med oss!

Om oss

Programmator AS er eit programvarefirma i Trondheim som vart etablert i 2010. Vi gjennomfører eller deltek i utviklingsprosjekt for private og offentlege kundar.

Takk! Vi har motteke meldinga di.

Namn

Epost

Melding

Kontaktinformasjon

99 24 44 06

info@programmator.no

Org.nr.: 995 633 221